Det naturlege valet for framtida

Giske kommune på Sunnmøre har ein av dei største havgåande fiskeflåtane og treng ei nasjonal fiskerihamn.

KVIFOR HAMN?

Øykommunen Giske på Sunnmøre er ein av dei største fiskerikommunane her i landet med 700 tilsette i næringa og ein årleg omsetnad på tre milliardar kroner.  Vi har i dag 51 registrerte fartøy og har ein av dei største havgåande fiskeflåtane her til lands. Men vi manglar ei hamn som kan betene denne. Vi har viljen, strategisk plassering og brei støtte for å bygge ei hamn av nasjonal betydning, der ein kan betene heile regionen i tillegg til vår eigen fiskeflåte. Men det hastar. Skal fiskerinæringa vokse, er den avhengig av ei hamn.

Gjøsund hamn er allereie inne i dagens Nasjonal transportplan med eit forprosjekt.
No treng vi å kome vidare. Vi ber derfor om at bygging av Gjøsund hamn prioriterast i perioden 2018-2029.

KVAR?

Gjøsund hamn ligg sentralt plassert langs riksveg 658 i Giske kommune og er eit naturleg nav for land- og sjøbasert næring med skipsleia 200 meter unna. Det gir ei driftseffektiv og miljørett plassering

Ålesund lufthavn Vigra ligg tre kilometer unna, og bidrar til å styrke eit intermodalt knutepunkt for bil, fly- og skipstransport i landsdelen. Med effektiv omlasting mellom bil, skip og fly styrker dette konkurranseevna til sjøtransporten.

VISJON

Giske kommune vil utvikle Gjøsund hamn til den beste nasjonale fiskerihamna.

Ressursmessig er hamna enkel å utvikle og utvide. Om lag 110 mål må mudrast ut, med inntil tre meter utdjuping. Mudringsmassen skal brukast til å utvide kai- og industriarealet på Gjøsund i grunne område. Det blir lagt til rette for fleire kaier. Ferdig regulert hamneområde blir om lag 570 mål og kan seinare utvidast betydeleg.

Hamneutbygginga er miljøretta med kort veg til marknader, og det trengs lite ressursar for å oppnå store verknader. Gjøsund hamn kan utviklast til å bli ei fullskala internasjonal hamn. Dette vil gi betydeleg privat investering og aktivitet i området.

Full utdjuping av hamna er estimert til om lag 50 millionar kroner.
Prosjektet kan igangsettast svært raskt og utlysast i den nasjonale kunngjeringsbasen Doffin innan eitt år.

Slik blir Gjøsund hamn

(klikk ikon for å sjå nærare)

NÆRINGSLIVET SATSAR

Næringslivet er allereie i full gang med å etablere seg i området rundt Gjøsund hamn, og har om lag 500 tilsette fordelt på eit 30-tals bedrifter.
I dag finns det mellom anna fiske- og næringsindustri og ein spolebase i hamneområdet. Ålesund hamn skal i samarbeid med Subsea 7 bygge ei tungløftkai til 40 millionar kroner.  

Her er mykje ledig areal, og fleire bedrifter ynskjer å bruke Gjøsund hamn. Den nye reguleringsplanen for Gjøsund har samordna nærings- og offentlege interesser.

Giske kommune samarbeider tett med næringslivet og prioriterer fiskeriinteressene i strategisk næringsplan.

Fiskebåtnæringa er vår desidert største kunde. Vi har over 600 installasjonar om bord i fartøy, der vi og utfører vedlikehald og reparasjonar. Ei utbygging av Gjøsund hamn vil heilt klart styrke konkurranseevna vår og gjere det enklare å yte service til våre kundar.

Asbjørn Solevågseide
sals- og marknadsdirektør i Optimar

Optimar er ei av verdas fremste innovasjonsbedrifter innan
fiskehandteringsutstyr til havs og på land. Bedrifta har ei
omsetning på over 500 millionar kroner i året, og har totalt 260
tilsette i Noreg, Spania og USA.

I dag har vi inga offentleg kai i Giske som kan brukast av våre fire fartøy. Vi har eit kvotegrunnlag på 25 000 tonn kvitfisk, og leverer til den lokale klippfiskindustrien og til eksport. Vi ynskjer å etablere eit bunkringsanlegg for LNG og ein logistikkbase i Gjøsund hamn med eit større fryselager, som også kan nyttast av andre. I tillegg treng vi tankanlegg for å mellomlagre fiskeolje og proteinkonsentrat, før dei blir henta av tankbåtar.

Tore Roaldsnes,
dagleg leiar i Nordic Wildfish

Nordic Wildfish er eit av dei største fiskeriselskapa i Noreg.
Bedrifta sysselset 150 tilsette og hadde ei omsetning på
om lag 450 millionar kroner i 2015. Nordic Wildfish er ein
del av det biomarine klyngeprosjektet LEGASEA.

For oss vil det bety mykje med ei utbygging av Gjøsund hamn. Vi treng kaier til større fartøy. Vi får ei meir effektiv handtering av arbeidsoppgåvene, og kan da løfte gods frå kai med uhindra tilgang til lageret. Hamna kan også gi moglegheit til å utvide vår verksemd.

Tor-Ola G. Olsen,
basesjef i Subsea 7 Vigra

Subsea 7 er ein av verdas største entreprenørar under vatn og
spesialiserer seg på tenester til olje- og gassindustrien.
Spolebasen Subsea 7 Vigra ligg ved Gjøsund.

Linn Indrestrand

Vil du vite meir? Ta gjerne kontakt med

Linn Indrestrand

prosjektleiar, Giske kommune

E-post: linn.indrestrand@giske.kommune.no

Mobil: 970 54 328

Sentralbord: 70 18 80 00